Kort fortalt

Trøbbel etter Mørelaft-konkurs

Eigarar utan bruksløyve.

31.03.2022

Åtte leilegheiter i eit hyttegrend på Fjellsetra i Sykkylven er utan bruksløyve etter konkursen i Mørelaft. Eigarane har no fått brev frå kommunen med oppmoding om å rydde opp, ifølgje Sunnmørsposten.

Ifølgje avisa er kommunen kjend med at fleire av leilegheitene er teke i bruk, utan mellombels løyve, slik krava er.

Bakgrunnen for at det ikkje er søkt om bruksløyve, er konkursen i byggeselskapet Mørelaft i 2019.

Etter brevet blei sendt har selskapet Proess, som som er ansvarleg søkar for prosjektet, sendt inn ny søknad om bruksløyve, opplyser dagleg leiar Sindre Øen til avisa.

Meir om konkursen under:

Publisert: 31.03.2022 10:16

Sist oppdatert: 31.03.2022 10:18

Mer om