(NPK): Skipsdesignarane i Marin Design auka omsetninga med over 50 prosent i 2016 og opplever gode tider for båtdesign til fiskeri- og havbruksnæringa.
Selskapet på Kolvereid i Nord-Trøndelag stod for designet på 16 fartøy som vart leverte frå verft i fjor, og rundt 20 båtar med Marin Design-utforming står for tur i 2017.
– Det har vore eit godt år med ein omsetningsauke på over 50 prosent frå 2015, seier administrerande direktør Ole Andreas Holm i Marin Design til avisa .
Selskapet utvida nyleg staben til ni fast tilsette og har planar om å tilsette fleire.
Ambisjonen er elles å halde fram satsinga på design av servicefartøy, fiskebåtar og slepebåtar. I tillegg har selskapet erfaring med ombygging av fartøy og design av meir spesialiserte båtar.

Publisert: 04.01.2017 16:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43