Kort fortalt

Turistbuss køyrde seg fast i Geiranger

15.07.2025

(NPK-NTB): Ein turistbuss frå Sverige stod i fleire timar tysdag fast i ein krapp sving på fylkesveg 63 ut av Geiranger mot Strynefjellet.

– Det er ingen som kjem seg forbi bussen per no. Køane forplantar seg gjennom Geiranger og opp Ørnesvingene på motsett side, seier trafikkoperatør Hans Petter Riddervold Hårsvær ved Vegtrafikksentralen til VG.

Bussen vart ståande fast då han skulle rygge etter å ha møtt eit anna tungt køyretøy i den krappe svingen. Der har han stått fast sidan klokka 13.15 tysdag ettermiddag, og den kjem seg ikkje av flekken på den svært trafikkerte vegen.

Ved 15.20-tida var vegen framleis blokkert.

Ein tungbilbergar er bestilt og er på veg til staden, opplyser politiet.

(©NPK)

Publisert: 15.07.2025 16:41

Sist oppdatert: 15.07.2025 16:41

Mer om