Kort fortalt

Tussa-sending 17. mai

Sender frå sju kommunar.

07.05.2020
Tussa vil vere til stades med kamerateam på markeringar i dei sju kommunane på søre Sunnmøre, og viser korps, paradar, helsingar frå ordførarar og russepresidentar og mykje meir i ei direktesending leia av Thomas Ryste, hjernen bak humorsuksessen og universet Klypa, opplyser Tussa i ei pressemelding tosrdag.
I samarbeid med 17. mai-komiteane på søre Sunnmøre har Tussa plukka ut høgdepunkt frå kvar kommune, som blir vist i ei direktesending på Facebook. Delar av sendinga blir også vist på TV-kanalen Sunmøre Live.
- Nasjonaldagen er viktig for oss alle, og på grunn av koronapandemien blir det ei annleis feiring i år. Tussa ønskjer å bidra til at det vert ein spesiell dag, og som ein stor aktør i lokalsamfunnet har vi moglegheit til å gjere det. Vi gler oss til å få vere med å formidle den sunnmørske feiringa i annleisåret 2020, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
17. mai-komitear frå alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre har vore med på å setje saman programmet, og for å få ei profesjonell sending har Tussa alliert seg med det lokale videobyrået Oclin og studentar frå Høgskulen i Volda.
- I tillegg håper vi at innbyggjarane vil bidra til sendinga med å sende inn bilete og video av korleis dei feirar nasjonaldagen, og av markeringar der dei bur. Legg bilete, helsingar og videoar på Instagram og bruk #tussa17mai. Vi ønskjer svært gjerne å få vise folket si 17. mai-feiring, seier Driveklepp, i pressemeldinga.

Publisert: 07.05.2020 14:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27