TUSSA vedlikehald kraftsstasjon foto Tussa
MEIR KRAFT: Tussa har planar om å bygge eit nytt vasskraftverk på Bjørke i Volda. Illustrasjonsfoto: Tussa
Kort fortalt

Tussa vil bygge nytt kraftverk

Folkemøter om stor utbygging.

22.10.2024

Tussa har planar om å bygge nytt kraftverk på Bjørka i Volda, ifølgje Sunnmørsposten

Planane er lagt fram på eit folkemøte i bygda førre veke, men selskapet vil ikkje kommentere planane før eit nytt folkemøte tysdag kveld, ifølgje avisa. 

Kommunikasjonssjef Ann Kristin Einbu fortel til avisa at dei først vil informere dei som er direkte råka, før dei fortel om planane i media. 

Tussa sitt største vasskraftverk ligg på Bjørke, og etter det avisa kjenner til, dreiar planane seg om å bygge eit nytt kraftverk inne i fjellet. Det skal også vere planar om ny veg og tunnel til Tyssevatnet for at store maskinar kan ta seg fram.

Etter det avisa har fått opplyst skal arbeidet starte i 2026 og vare i tre år.

Publisert: 22.10.2024 09:26

Sist oppdatert: 23.10.2024 00:23

Mer om