NPK-NTB: Nav reknar med at arbeidsløysa blir høgare enn normalt i lang tid. Det viser ein fersk analyse av ulike scenario for arbeidsmarknaden i 2020 og 2021.
Analysen tek for seg tre ulike utfall, og sjølv det mest optimistiske spår høg arbeidsløyse. Ifølgje hovudscenarioet kan bruttoarbeidsløysa gå frå 11,2 prosent ved utgangen av april i år til 4 prosent i gjennomsnitt for neste år.
– I hovudscenarioet vårt anslår vi at arbeidsløysa held fram med å falle, men i eit langsamare tempo enn vi har sett den siste tida. Det betyr at arbeidsløysa òg neste år vil vere betydeleg høgare enn det vi har vore vande til dei siste åra, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng om .
Tysdag var det registrert 304.700 heilt ledige, delvis ledige og arbeidssøkjarar på tiltak hos Nav. Dette utgjer 10,8 prosent av arbeidsstyrken. Ei arbeidsløyse på 4 prosent utgjer 114.000 personar i gjennomsnitt.
– Sjølv i det best tenkjelege scenarioet ser vi for oss at ein ved utgangen av 2020 vil ha like mange arbeidsledige som ein såg då finanskrisa nådde toppen. Det seier sitt om denne situasjonen, seier Nav-forskar Malin Charlotte Engel Jensen til .
Ho er ein av tre forfattarar bak den nye analysen.
– Slik det ser ut no, er det ikkje realistisk at vi vil nå normalen i 2021. Det er likevel mykje uvisse knytt til situasjonen sidan det er langt fram i tid, seier Jensen.

Publisert: 18.06.2020 09:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26