Kort fortalt

UD forlengjer globale reiseråd

Gjeld til 15. januar. 

25.09.2020
(NPK-NTB): Utanriksdepartementet vidarefører det globale reiserådet frå 1. oktober til 15. januar. Samtidig blir Island og Litauen raude frå og med laurdag.
– Vi er framleis langt unna ein normalsituasjon, og smittesituasjonen endrar seg raskt. Derfor vel vi å vidareføre det globale reiserådet som oppmodar til å unngå reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).
– Vi held fram med å gjere unntak for land i EØS/Schengen-området som har tilstrekkeleg låg smittespreiing. Unntaka frå reiserådet er ikkje ei oppmoding til å reise utanlands, seier Søreide.
Frå og med laurdag denne veka gjeld ikkje unntaket frå reiserådet lenger for Island, Litauen, regionen Västerbotten i Sverige og dei finske regionane Mellersta Finland og Päijänne-Tavastland.

Publisert: 25.09.2020 07:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25