Kort fortalt

Unge har mange miljøgifter i kroppen

Høgare nivå enn det som blir rekna som trygt.

28.09.2023

(NPK-NTB): Norske barn og unge har høgare nivå av fleire miljøgifter i kroppen enn det som blir rekna som trygt, viser ein rapport frå Folkehelseinstituttet.

Undersøkinga frå Folkehelseinstituttet (FHI) viser at omtrent alle dei 669 barna og ungdommane som deltok – 99,6 prosent – har ein så stor del av miljøgifta Bisfenol A (BPA) i seg at det ikkje blir rekna som trygt.

Nesten ein tredel av barna – 26,6 prosent – hadde eit så stort nivå av per- og polyfluoralkyl-stoff (PFAS) at det ikkje blir rekna som trygt.

BPA finst mellom anna i emballasje for mat og drikke, kosmetikk og medisinsk utstyr, medan PFAS er ei stor gruppe fluorerte stoff. Dei er vass-, flekk- og feittavvisande og blir brukt «overalt», ifølgje FHI.

– Tala frå undersøkinga viser at det er behov for å innføre tiltak på samfunnsnivå for å redusere eksponeringa for BPA og PFAS i befolkninga, seier Line Småstuen Haug, leiar for Miljøbiobanken og seniorforskar ved FHI.

(©NPK)

Publisert: 28.09.2023 08:03

Sist oppdatert: 28.09.2023 08:03

Mer om