NPK: Leiaren i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane meiner det ikkje er nødvendig å byte ut ferje med bru over Sognefjorden.
– Fjordkryssingane kan ein utsetje. Vi er ikkje negative til bruer over Nordfjorden og Sognefjorden, men det får kome når ein får tid og har midlar til å byggje så fantastiske prosjekt, seier Rolf Olav Tenden, som er leiar i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane, til
Tenden meiner ein bør ruste opp det eksisterande vegnettet på E39 i staden for å byggje bru over Sognefjorden.
– Sjåførane treng uansett ein pause frå køyringa, seier han til statskanalen.
Stortinget har slutta seg til ein strategi for korleis ferjefri E39 kan gjerast ferdig innan 2035. Ferjesambandet Lavik- Oppedal er det som i dag fraktar bilar over Sognefjorden om du køyrer E39.

Publisert: 01.03.2018 14:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39