Kort fortalt

Uptime-kontrakt til 90 millionar

Avtale med amerikansk selskap.

31.08.2023

Uptime International skal levere eit system for å flytte både folk og utstyr mellom fartøy og vindkraftinstallasjonar. Kontrakten er på omlag 90 millionar kroner, kunden er amerikanske Hornbeck Offshore, og fartøyet skal klart til bruk i 2025, ifølgje ei pressemelding og opplysningar frå selskapet.

I 2015 kjøpte Karmøy-selskapet Marine Aluminium Ålesund-baserte ICD Industries sin 50 prosent andel i Uptime International, og blei eineeigar i selskapet som hadde spesialisert seg på gangbruer til havs.

I 2017 skifta Uptime International adresse frå Ålesund til Karmøy.

I 2019 skilde Marine Aluminium og Uptime International lag og investeringsselskapet Norvestor V LP vart største eigar (71,5 prosent) i Uptime International. Uptime International hadde 415 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på minus 37 millionar kroner i 2022.

Publisert: 31.08.2023 07:16

Sist oppdatert: 31.08.2023 07:16