Kort fortalt

Urd vart ingen Dagmar

Færre skadar enn frykta etter ekstremvêret Urd.

27.12.2016
(NPK-NTB): Dei materielle skadane på bygningar etter ekstremvêret Urd ser ut til å vere færre enn frykta.
Finans Norge har fått enkeltmeldingar om skadar på tak og takplater, båtar har slite seg frå fortøyingane, nokre campingvogner har fått hard medfart og bilar har blitt skadd av vatn på grunn av flaum. Men skadeomfanget verkar likevel å vere avgrensa, opplyser kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge.
Neverland understrekar likevel at mange er bortreist i jula, og at det derfor er for tidleg å seie noko sikkert om endeleg skadeomfang.
– Forsikringsselskapa er i beredskap for å hjelpe kundar som har blitt ramma av ekstremvêret. Ta kontakt med selskapet ditt dersom du oppdagar skadar når du kjem heim, seier Neverdal.
Finans Norge administrerer Norsk Naturskadepool, der alle skadeforsikringsselskapa som sel brannforsikring i Noreg er medlemmer. Alle bygningar som blir forsikra mot brannskadar blir automatisk også forsikra mot naturskadar.

Publisert: 27.12.2016 13:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43