Kort fortalt

Usamde om vern av småtorsk i Nordsjøen

Førebels ingen fiskeavtale med EU.

09.12.2019
NPK: Noreg og EU er ikkje i mål med fiskeriavtalen for 2020. Partane skal møtast i Bergen denne veka.
– Vi har lagt eit godt grunnlag og er einig på dei fleste områda i avtalen, men vi har ulik tilnærming til forvaltninga av torsk i Nordsjøen, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.
Fiskeriavtalen mellom Noreg og EU for 2020 skulle etter planen vore ferdigforhandla fredag 6. desember. Det står att å bli einige om forvaltningstiltak for torsk i Nordsjøen som kan vareta både bestanden, yngelen og yrkesfiskarane neste år.
Noreg har i forhandlingane ønskt langt betre vern av småtorsk, noko som er avgjerande for å byggje opp bestanden.
– Vi meiner det er riktig å bruke litt meir tid på gjenoppbygging, for å sikre eit fiske med avgrensa utkast og dermed uregistrert fiske. For Noreg er det det faktiske uttaket av torsk som betyr noko, derfor kan vi ikkje berre vedta ein låg kvote og tru at det åleine byggjer opp att bestanden, seier statsråden.
Ein fiskeriavtale med EU har ein verdi på om lag 8 milliardar kroner.

Publisert: 09.12.2019 10:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31