(NPK): Det er usemje mellom generalsekretær Rune Haaland i Motvind og styret i organisasjonen.
Organisasjonen Motvind vart oppretta for om lag eit år sidan for å motarbeide omstridd vindkraftutbygging på fleire stader. Organisasjonen skal ha passert 18.000 medlemmer, men no har det oppstått ein intern konflikt, skriv .
Styret i Motvind skal ifølgje generalsekretær Rune Haaland ha prøvd å avsette han, utan at han vil gå av. Haaland har kalla inn til landsmøte, medan styret har bede medlemmene sjå bort frå innkallinga, med informasjon om at dei sjølve snart vil kalle inn til landsmøte.
Haaland skuldar styret i Motvind for å ikkje gjere jobben sin når dei enno ikkje har kalla inn til landsmøte, og fordi rekneskapen for 2019 ikkje er godkjent og innsendt, og at det difor er fare for dagbøter.
Styreleiar Eivind Salen i Motvind Norge vil ikkje svare E24 umiddelbart om påstandar frå Haaland, eller om dei har prøvd å sparke han frå jobben som generalsekretær. Salen varslar at det kjem offisiell informasjon seinare måndag.
(©NPK)

Publisert: 05.10.2020 21:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24