Kort fortalt

Usikker lønsemd for reketeiner

Forskarar er usikre.

NPK
16.03.2023

Forskarane konkluderer i ein ny rapport at det er mykje som skal stemme om det skal bli lønsamt å fiske reker med teiner.

I den nye rapporten Teinefiske etter djupvassreke i Norge gjer forskarane frå Havforskingsinstituttet (HI) opp rekning for det relativt nye fiskeriet.

Forskarane kjem fram til at teinefiske etter reker utvilsamt har noko føre seg.

– Teinene fangar større reker til betre pris, med tilnærma null bifangst. Dei er skånsame mot havbotnen, og kan brukast der det er for trongt, grunt eller stengt for tråling, seier rekeforskar Guldborg Søvik.

Men forskarane peiker i rapporten på at fordelane med reketeiner kan vere så mange og gode dei berre vil. Om ikkje fangstvolumet er stort nok, vil det vanskeleg utvikle seg til ei lønsam næring.

Dei tre teinefiskarane som samarbeidde med HI i 2021, heldt til i Hordaland, Ofotfjorden og Porsangerfjorden. Berre sistnemnde fiska kommersielt.

Fritidsfiskaren i Hordaland fanga totalt 32 kilo på sine 15 turar med 10–17 teiner.

Publisert: 16.03.2023 09:56

Sist oppdatert: 16.03.2023 09:58