Det børsnoterte fiskeri- og fiskeindustriselskapet Austevoll Seafood tok alt i vår Norway Pelagic, og kjøpte seg opp til å eige over 90 prosent av aksjane. I sommar løyste selskapet også ut resten av eigarane i silde- og makrellindustriselskpaet, og søkte om å få stryke selskapet frå børsnotering. Norway Pelagic blei starta av ei gruppe industrieigarar og fiskebåtreiarar, for å byggje opp ein stor aktør i silde- og makrellindustrien. Melllom inititativtakarane var Domstein-konsernet og Sigurd Teige. Målet var ei rasjonalisering i bransjen, med færre anlegg og meir effektiv utnytting av dei anlegga som var att.
Publisert: 07.11.2013 14:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22





