(NPK-NTB): Utanlandske banker stod i 2015 for rundt 75 prosent av omsetnaden og overskotet i den norske bankmarknaden. Ti år tidlegare var delen høvesvis 2 og 3 prosent.
Ein gjennomgang av om lag 1.300 rekneskap frå 2006 til 2015 viser at utanlandske banker har blitt dominerande i marknaden, skriv Klassekampen.
Johannes Idsø, som er førstelektor i samfunnsøkonomi ved Høgskolen på Vestlandet, har gått gjennom rekneskapane. Han har målt marknadsdel ved å sjå på kor stor del av den samla omsetnaden dei norske og dei utanlandske bankane stod for. I 2006 var marknadsdelen 3 prosent for dei utanlandske bankane, mens den i 2015 hadde auka til 76 prosent.
Rekneskapane viser også at tre firedelar av overskotet i banknæringa går til utanlandske bankar. Deira del av overskotet har auka frå 2 prosent i 2006 til 74 prosent i 2015. I den same perioden har det samla overskotet i bankane auka frå 13,7 milliardar kroner til 120 milliardar.
Ifølgje Idsø er det forretningsbankane som til no har fått hardast konkurranse. Men han meiner sparebankane står for tur framover.
(©NPK)

Publisert: 20.01.2017 10:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42