Kort fortalt

Utbyte på 514 mrd. kroner i 2019

Nedgang fra rekordåret 2018. 

29.06.2020
(NPK-NTB): Aksjonærane fekk eit utbyte på 514 milliardar kroner i fjor. Det er ein nedgang på 7 prosent frå det rekordstore utbytet i 2018.
Mesteparten av utbytet gjekk til føretak i ikkje-finansiell sektor, som fekk i alt 264,6 milliardar kroner, ein nedgang på 12 prosent frå 2018.
Føretak i finansiell sektor fekk ein auke på 12 prosent i utdelt utbyte og enda på 35,1 milliardar kroner i utdelt utbyte i 2019, viser statistikk frå .
Selskapa i næringa informasjon og kommunikasjon delte ut 51 milliardar kroner i 2019, ein nedgang på 35,3 milliardar kroner frå 2018. Det er dette som er den største nedgangen målt i kroner, etter næring.
Den største oppgangen i utdelt utbyte målt i kroner, etter næring, er føretak som driv med omsetnad og drift av fast eigedom. Desse delte ut 64,3 milliardar kroner i utbyte i fjor, ein auke på 9,4 milliardar kroner frå 2018.
Selskapa i næringa bergverksdrift og utvinning delte ut 118,2 milliardar kroner i fjor og står for cirka 23 prosent av det samla utdelte utbytet. Desse har hatt ein positiv auke i utdelt utbyte med ein auke på 8 prosent frå 2018.
(©NPK)

Publisert: 29.06.2020 11:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26