Kort fortalt

Uvanleg mange med skatt tilgode

Skatteetaten har sendt ut dei siste skattemeldingane for 2022.

31.03.2023

– Vi har sjeldan eller aldri før sett så store tal for skatt til gode, seier divisjonsdirektør.

2,9 millionar personar ligg an til å få igjen 44,8 milliardar kroner, opplyser Skatteetaten i ei pressemelding. Det er nesten 15 milliardar kroner meir enn totalsummen på same tid i fjor.

Sidan 14. mars har Skatteetaten sendt ut meir enn 5,2 millionar skattemeldingar. Førebelse tal viser at dei som har pengar til gode, i gjennomsnitt vil få 15.200 kroner utbetalte.

Martha Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten, seier det er viktig å sjekke at opplysningane i skattemeldinga stemmer, sjølv om ein får pengar tilbake. Ho vil spesielt oppmode til å sjekke om du har krav på reisefrådrag.

– Det er mange som har byrja å få normale kvardagar igjen etter pandemien og derfor reiser til og frå jobb. I tillegg har sannsynlegvis fleire krav på reisefrådrag, fordi botnbeløpet er redusert, fortel Gjengedal.

Skateetaten har ein reisefrådragkalkulator på nettsidene sine som ein kan bruke for å finne ut av kor mykje ein har krav på.

Ifølgje Skatteetaten er ei viktig årsak til at mange no får igjen på skatten, at rentenivået auka i 2022. Det har ført til at personar med gjeld får høgare rentefrådrag.

Omtrent 900.000 ser ut til å få restskatt på til saman 27 milliardar kroner. I snitt må dei betale 29.800 kroner, noko som er langt lågare enn året før, men noko høgare enn normalt dei siste åra. I 2021 måtte dei som fekk restskatt, betale tilbake 43.500 kroner i snitt.

– Betaler du restskatten før 31. mai, slepp du å betale renter. Viss ikkje vil du få tilsendt faktura i haust. Viss restskatten din er over 1000 kroner, blir beløpet delt på to fakturaer, seier Marta Johanne Gjengedal.

Viss du får skatteoppgjeret først til hausten, skal

Publisert: 31.03.2023 12:11

Sist oppdatert: 31.03.2023 12:11