Kort fortalt

Vard-arbeidar koronasmitta

Den tilsette og nærkontaktar sett i isolasjon.

12.08.2020
Tysdag vart det kjent at ein person som jobbar i Vard er koronasmitta, melder .
Både vedkomande og nærkontaktane er sett i isolasjon.
Vard har innført omfattande smitteverntiltak, og testar alle tilreisande arbeidarar. Det var i samband med slik testing at éin tilsett testa positivt for Covid-19, opplyser kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard til avisa.
Personen hadde ikkje sjukdomssymptomar då smitta blei stadfesta.

Publisert: 12.08.2020 09:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25