Vard kystvaktskip Hopen dap foto Ogne
VILLE BYGGE I NOREG: Vard-konsernet ville bygge det amerikanske fregattalternativet i Noreg. Regjeringa valde i staden britisk. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Vard-sjef skuffa over fregattavgjerd

– Synd at regjeringa ikkje brukar denne moglegheita.

01.09.2025

Vard-sjef Cathrine Kristiseter Marti er skuffa over regjeringa si avgjerd om å kjøpe britiske fregattar

– Det er veldig synd, og synd at regjeringa ikkje brukar denne moglegheita til å sikre verdiskaping og bygging i Noreg, seier ho til NRK.

Vard-konsernet har eit samarbeid den amerikanske leverandøren, via eigarane i Fincantieri. Om det amerikanske alternativet blei valt, var planen å utruste fartøya her til lands. 

Marti seier dei vil snu seg rundt og satse vidare på å sikre seg arbeid med nye standardiserte fartøy. Det norske forsvaret skal etter planen bygge 28 fartøy i ulike storleikar – og desse skal byggjast i Noreg. 

Publisert: 01.09.2025 08:52

Sist oppdatert: 01.09.2025 08:52

Mer om