Kort fortalt

Varehandelveksten held fram

Steig med 0,6 prosent i juli.

27.08.2020
NPK-NTB: Omsetninga i varehandelen heldt fram med å stige også i juli månad, med 0,6 prosent. Dette skjer etter ein rekordhøg oppgang på 5,7 prosent frå mai til juni.
Veksten i juli er likevel beskjeden samanlikna med veksten dei tre tidlegare månadene, ifølgje .
Samanlikna med same månad i fjor er veksten på heile 13,8 prosent, men tala er ikkje direkte samanliknbare nettopp på grunn av koronakrisa.
Som ei følgje av koronatiltaka ser det ut til at nordmenn dei siste månadene har vridd konsumet sitt i retning av å bruke mindre pengar på kjøp av tenester, og meir på varekonsum. I tillegg blir handelen påverka i Noreg av betydeleg redusert grensehandel.
Samanlikna med juli i fjor er grensehandelen redusert med kraftige 99 prosent.
Dei største bidraga til veksten kom frå butikkar med sal av bøker og sportsutstyr, i tillegg til daglegvareforretningar. Daglegvarebutikkane omset no på rekordhøgt nivå.
Byggjevareforretningar, klesbutikkar og netthandel hadde nedgang i sesongjustert omsetningsvolum i juli, og bidrog dermed til å dempe veksten i totalindeksen.
NHO er positive til tala.
– Denne våren og sommaren har vore viktig og gitt bransjen musklar til å utvikle seg. Vi trur oppturen kan bli langvarig, seier administrerande direktør Anne-Cecilie Kaltenborn i NHO Service og Handel.

Publisert: 27.08.2020 12:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25