Kort fortalt

Varmerekord i Møre og Romsdal

18,1 grader i desember.

30.12.2016
(NPK-NTB): Vintervêret i Noreg har framleis overraskingar på lager. Natt til fredag vart det målt sommartemperaturar i Møre og Romsdal.
På Sunndalsøra vart det målt 18,1 grader, noko som er den høgste temperaturen som er registrert i Noreg i slutten av desember, skriv .
Det var varme fønvindar som sende temperaturen rett til himmels i landsdelen. Temperaturen er også berre 0,2 grader frå varmerekorden for desember for Møre og Romsdal. 1. desember 1998 vart det registrert 18,3 grader på Sunndalsøra.
Også andre stadar i fylket vart det natt til fredag målt svært høge temperaturar til årstida å vere. I Tafjord vart det registrert 16,8 grader, Marstein hadde 16,3 grader, Valldal 14,4 grader og Linge 14,3 grader.

Publisert: 30.12.2016 09:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43