Kort fortalt

Varslar pålegg etter dødsulukke

Arbeidstilsynet kritisk til fleire forhold ved Green Yard Kleven.

01.06.2023

Arbeidstilsynet varslar fleire pålegg for det dei meinte er brot på HMS-regelverket ved Green Yard Kleven i samband med dødsulukka på verftet i februar.

Det skriv Sunnmørsposten.

Ein mann miste livet etter at han truleg blei treft av ei stålplate som fall frå ein seksjon som blei løfta med kran. Det var ingen vitne til sjølve ulukka, som skal ha skjedd då seksjonen blei sett på bakken.

Arbeidstilsynet meiner det har vore mangelfull sikring, uoversiktleg lastesone, mangelfull kartlegging og risikovurdering, tidspress og at den omkomne stod, eller kom inn i farleg sone for løftet, går det fram av rapporten.

Verftet får kome med sine kommentarar før pålegga blir vedteke. Green Yard Kleven-sjef Hans Jørgen Fedog vil ikkje kommentere rapporten til avisa no.

Publisert: 01.06.2023 09:42

Sist oppdatert: 01.06.2023 09:42

Mer om