(NPK): I perioden treningssentera var koronastengde, overførte Sats Norway AS kundane automatisk til eit nytt digitalt medlemskap utan å innhente samtykke til det. No varslar Forbrukartilsynet forbodsvedtak med tvangsmulkt mot trenings-kjeda.
Forbrukartilsynet har òg vurdert at Sats villeia forbrukarane om lengda på oppseiingstida, skriv på nettsida si.
26 forbrukarar har reagert på praksisen til Sats da dei heldt stengt, og klaga til Forbrukartilsynet. Tilsynet tok opp saka med Sats, og kravde at firmaet endra praksis. Sats heldt fast på at dei hadde rett til å krevje betaling for det digitale medlemskapet, og har tenkt å krevje innbetaling frå forbrukarar som så langt ikkje har betalt.
– Ein slik praksis der det blir kravd innbetaling for eit mellombels nytt digitalt medlemskap utan aksept, meiner vi er i strid med marknadsføringslova, seier Bente Øverli, fungerande direktør i Forbrukartilsynet.
Øverli legg til at praksisen har ramma mange forbrukarar, og har skjedd i ei tid då mange forbrukarar er i tvil om kva rettar dei har.
– Derfor har vi no varsla at vi vil fatte forbodsvedtak med tvangsmulkt dersom selskapet ikkje endrar praksis, seier Øverli.
Forbrukartilsynet har anslått at tvangsmulkta kjem til å liggje på 2.000.000 kroner. Sats har frist til 17. september med å svare på varselet.
(©NPK)

Publisert: 03.09.2020 13:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25