NPK: Fornybarnæringa sine inntekter kan minke med 33 milliardar kroner i år på grunn av lågare kraftprisar, viser ein ny rapport frå Vista analyse. No ønskjer vasskraftnæringa skattelette.
Energi Norge, interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen for fornybarnæringa, vil at staten tek ein større del av rekninga for å oppgradere gamle kraftverk, noko dei meiner vil utløyse milliardinvesteringar, skriv
Dei legg denne veka fram ein rapport som viser status for fornybarnæringa i Noreg.
Vasskraftverka i Noreg betalar ein ekstra skatt på grunn av superprofitt, ein grunnrenteskatt på 37 prosent. Det høge skattetrykket bremsar moderniseringa av gamle kraftverk, hevdar næringa.
– Vi må ta tak i det som er den praktiske kvardagen for selskapa. Og då er det å skru på denne friinntekta, som gjer at vi kan få enda meir fornybar produksjon. Det gir auka inntekter til det offentlege, det kan gi sysselsetjingsgevinstar og det kan gi klimagevinstar, seier Knut Kropelien, administrerande direktør i Energi Norge.
Energi Noreg meiner at det saman med andre grep, kan bety investeringar på ti milliardar kroner og 12.000 årsverk i utbyggingsfasen.
Per Sanderud leia regjeringa sitt kraftskatteutval. Han seier utvalet er kritisk til å gjere dei endringane som næringa ønsker.
– Når det gjeld grunnrenteskatten, så meinte eit samla skatteutval at den var forma ut slik at ein får gjort dei rette investeringane. Ein får nødvendigvis ikkje gjort alle investeringane, men ein får gjort dei rette investeringane, seier han til NRK.

Publisert: 26.05.2020 06:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:27