Kort fortalt

Vedum avlyser ny elbil-avgift

– Uaktuell politikk.

05.09.2023

(NPK-NTB- Peter Tálos): Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) avviser at eigarar av elbilar kan vente seg nye avgifter.

Eigarar av elbilar må førebu seg på at det kan bli tusenvis av kroner dyrare i året å bruke bilen, skriv Bergens Tidende måndag. Frå 2029 kan det bli innført ei vegbruksavgift som vil skaffe staten store inntekter.

Vedum avviser at noko slikt vil skje med den sitjande regjeringa.

– Det er heilt uaktuelt å innføre noka ny vegbruksavgift for elbilar i denne stortingsperioden, som vi har ansvaret for. Det er uaktuell politikk, seier Vedum til VG.

– Ingen planar om ei slik avgift

Til NTB utdjupar Vedum:

– Eg kan ikkje svare kan for kva som skjer i 2029, men i denne regjeringsperioden er det ikkje aktuelt, og det er ikkje lagt nokon planar for ei slik avgift, seier Vedum som forklarer at det i Finansdepartementet heile tida blir gjort ulike vurderingar som del av kunnskapsgrunnlaget.

– Viss eg skal seie noko om kva som skal skje i 2029 må det vere på vegner av Senterpartiet og vi er oppteke av at transportkostnadene ikkje skal gå for mykje opp for folk i Noreg, som er eit langt land der folk er avhengig av transport, seier Vedum.

11 milliardar

Det var ifølgje ei utgreiing gjennomført på oppdrag frå Finansdepartementet at regjeringa kunne dra inn 11 milliardar kroner frå norske bileigarar. Berekninga som låg til grunn for dette skal vere at veg- og skatteutreiarane meiner det bør koste 29 øre å køyre ein kilometer med elbil. Bileigarar som køyrer 12.000 kilometer i året må dermed ut med 4350 kroner med moms.

I dag betaler eigarar av bensin- og dieselbilar 2,92 kroner per liter diesel og 4,70 kroner per liter bensin i vegbruksavgift.

I fjor innkasserte staten 13 milliardar kroner i vegbruksavgift, men med ein aukande del elbilar i samfunnet er lagt til grunn at denne summen vil søkke til om lag 3 milliardar på få år.

vaktsjef@ntb.no

Publisert: 05.09.2023 06:53

Sist oppdatert: 05.09.2023 06:53

Mer om