NPK-NTB: Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum ber staten gripe inn for å redde Hurtigruten.
– Hurtigruta må reddast no, seier Vedum.
Han viser til at regjeringa denne veka sa nei til meir statleg kjøp av ruter frå Hurtigruten.
Det får Vedum til å reagere kraftig.
– Det er no knapt mogleg å kome seg frå og til Finnmark med fly. I går stansa regjeringa Nord-Noreg-banen. På toppen av dette gir dei altså meldinga til Hurtigruten om at dei ikkje får nødvendig stønad. Høgre sviktar Nord-Noreg fullstendig, seier Vedum.
Han utfordra samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) på saka i den munnlege spørjetimen på Stortinget onsdag.
Hareide svara at regjeringa jobbar for å få Hurtigruten i gang att, men at han er redd for å setje Hurtigruten i ein vanskeleg situasjon med tanke på reglane for statsstønad. Samtidig er det slik at Hurtigruten allereie får 856 millionar kroner i året i stønad frå staten, påpeika Hareide.
Den stønaden har regjeringa ikkje rørt sjølv om Hurtigruten har gått ned frå elleve til to båtar, og sjølv om ruta er forkorta, understreka han.

Publisert: 27.05.2020 16:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26