Kort fortalt

Vekst i nybustadsalet i august

40 prosent høgare enn i fjor.

15.09.2020
(NPK-NTB): Salet av nye bustader i august var 40 prosent høgare enn i august 2019. Samtidig viser augusttala at igangsetjinga av nye prosjekt heng igjen.
Salet av nybustader i august var det fjerde beste augustsalet sidan registreringa av månadlege tal byrja i 2010, ifølgje Boligprodusentene.
Sjølv om tala frå august 2020 er gode, er salet av nye bustader hittil i år 14 prosent lågare enn tilsvarande periode i fjor. Salet av småhus og einebustader er høvesvis 11 og 10 prosent lågare, medan salet av leilegheiter er 17 prosent lågare.
Når det gjeld igangsetjing var august 2020 ein betre månad enn i 2019, men samtidig var august 2019 den lågaste augustmånaden registrert.
(©NPK)

Publisert: 15.09.2020 13:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25