Mandag 24. april arrangerer utviklingsselskapet Vekst i Hareid orienteringsmøte om eit vekstprogram for bedriftene i kommunen.
Målet er å identifisere rundt 10 bedrifter som kan vere med på eit program som skal vare omlag til årsskiftet 2023/2024. Målet er å hjelpe bedriftene til ytterlegare vekst, styrka konkurranseevne og betra lønsemd.
Vekstprogrammet er utvikla av Innovasjon Noreg, og dei som blir med får ein mentor frå selskapa Segel eller Strategisk Bedriftsutvikling som skal arbeide saman med bedriftene.
Publisert: 17.04.2023 14:06
Sist oppdatert: 17.04.2023 14:09