Kort fortalt

Vekstsystem for havbruket vedtatt

Gradvis overgang til nye reglar.

17.01.2017
(NPK): I oktober trer det nye trafikklyssystemet for havbruksnæringa i kraft, men utan at nokon av dei 13 nye områda får redusert produksjonskapasitet før i 2019, heller ikkje dei raude.
Det kom fram da fiskeriminister Per Sandberg (Frp) presenterte dei nye produksjonsområda under Sjømatdagane på Hell i Nord-Trøndelag tysdag, ifølgje Fiskeribladet Fiskaren.
I det nye vekstsystemet som Nærings- og fiskeridepartementet no har vedtatt, får oppdrettsselskapa høve til å drive i eit naboområde til området dei har løyve i.
– Eg er opptatt av at små og mellomstore bedrifter òg skal ha fleksibilitet. Derfor har eg bestemt at aktørar som berre får løyve heimehøyrande i eitt område, skal få høve til å drive også i eit tilstøytande område, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp) i ei pressemelding.
På bakgrunn av høyringsrunden valde Sandberg å leggje vekk framlegget om fleksibilitet over tre område.

Publisert: 17.01.2017 16:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43