Kort fortalt

Vendanor ventar rekordår

Stryn-bedrifta har nær dobla produksjonslokale.

02.12.2023

Vendanor i Stryn ventar at 2024 blir eit rekordår etter at dei har utvida produksjonslokala sine, skriv Fjordingen.

Lokalavisa fortel at bedrifta i år styrer mot ei omsetning på kring 35 millionar og eit lite overskot. Selskapet har 16 tilsette og Sverre Magne Haugen er nytilsett dagleg leiar.

– Nytt i år er at vi har kome inn på marknaden både på Island og i Tyskland på propanautomatar. Og i Nederland har vi eit spennande pilotprosjekt på gang som vi ventar resultat av i 2024. I samarbeid med selskapet Greenblue skal vi rulle ut spylevæskeautomatar i ein ny marknad, seier Haugen til avisa.

Publisert: 02.12.2023 17:21

Sist oppdatert: 02.12.2023 17:21

Mer om