(NPK): Ein ny rapport frå Virke viser at handelen i norske butikkar kan auke med nesten 7 milliardar kroner sommaren 2020. Det er gode nyheiter for handelsnæringa på Vestlandet, der sommarhandelen utgjorde 17,3 prosent av butikkane si årsomsetning i 2019.
– I og med at dei fleste har planlagt noregsferie veit vi at mange skal oppleve Vestlandet i 2020. Då vil veksten i sommarhandelen ved dei store reisedestinasjonane ta seg kraftig opp, seier Harald Jachwitz Andersen, direktør for Virke handel, i ei pressemelding.
Aurland er den kommunen i Noreg som tener nest mest på sommarhandel. Her dreg butikkane inn 32,5 prosent av årsomsetnaden i sommarmånadene. På topp fem-lista finn ein og Eidfjord, der tilsvarande tal er 29,1 prosent. Virke forventar at veksten i sommarhandelen på Vestlandet blir spesielt stor i år.
Rapporten er utarbeida av Kvarud Analyse, på oppdrag frå Virke.
– Grunnen til at vi forventar ein så høg vekst er at grensehandelen vil bli lågare i år enn på lenge. Det er eit resultat av koronastengde grenser, og frykt for smitte. Det viser kor mykje verdiskaping som forsvinn ut av landet på grunn av grensehandelen, seier Jachwitz Andersen.
(©NPK)

Publisert: 06.07.2020 15:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26