Kort fortalt

Ventar kutt i bustadlånrenta

Trur konkurrentane vil følgje etter Danske Bank.

16.10.2017
NPK-NTB: Danske Bank kuttar bustadlånsrenta til under 2 prosent. No vil konkurrentane komme etter, trur ekspertar.
Dei beste kundane til Danske Bank får no ei rente på 1,95 prosent. Og i løpet av kort tid kjem fleire banker til å kutte renta med opptil 0,25 prosentpoeng, og med det legge sine gunstigaste vilkår under 2 prosent, trur aktørar som følgjer marknaden. Det skriv .
– Når nokon drar i gang festen, vil resten ønske å bli med, seier Pål Ringholm, analysesjef i Sparebank 1 Markets.
Fortenesta til bankane – differansen mellom kostnadene for å låne pengar og det dei hentar inn igjen i form av renteinntekter frå kundane – har vore like under eller over 1 prosentpoeng. I 2017 har fortenesta auka gradvis. Ringholm trur bankane vil sjå seg tent med å dele noko av overskotet med kundane.
– Bankane har tent mykje pengar på å halde rentene kunstig høge når pengemarknadsrenta har falle så mykje som den har gjort, seier Jorge Jensen, fagdirektør i Forbrukarrådet, når han får høyre nyheita om Danske Banks rentekutt.
Også han trur konkurransesituasjonen vil medføre at fleire banker kjem til å følgje etter.

Publisert: 16.10.2017 08:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41