(NPK): Langs heile kysten ventar no fiskeoppdrettarar på om dei får grønt, gult eller raudt trafikklys for produksjonsområdet sitt det neste eitt og eit halvt året framover.
– Som vi har sagt lenge no, så er dette noko som kjem i desember, seier kommunikasjonssjef for fiskeri- og sjømatministeren, Martine Røiseland, til
Trafikklyssystemet deler oppdrettsnæringa i tretten geografiske produksjonsområde som får tildelt ulike trafikklys for å bremsa opp eller opna opp for vekst i næringa.
Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (Frp) har tidlegare varsla at han vil ta i bruk alle fargane i systemet. Det betyr ifølgje Intrafish at anlegga i raudt produksjonsområde for første gong vil få redusert grensa for biomasse, viss dei ikkje får dispensasjon.
Trass i at fiskeriministeren har varsla at alle trafikklysa vil bli brukt, trur Norske Lakseelver likevel ikkje at nokon produksjonsområde kjem til å få raudt lys.
(©NPK)

Publisert: 17.12.2019 12:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31