Kort fortalt

Ventar svært liten haustferietrafikk

Avinor ventar ikkje noko «ferieboom» i år.

24.09.2020
(NPK-NTB): Dei neste to vekene er det haustferie i ulike delar av landet. Men Avinor ventar svært få reisande samanlikna med tidlegare år.
– Sjølv om vi går inn i ein periode som normalt sett gir ein betydeleg auke i talet på passasjerar, ser vi at trafikkauken som kom i sommar har stoppa opp, seier direktør for trafikkutvikling Gaute Skallerud Riise i Avinor i ei pressemelding.
Haustferien ser ikkje ut til å bli noko unntak. På Noregs hovudflyplass Oslo lufthamn vil det bli i overkant av 25.000 reisande enkelte dagar. Dette er eit svært få samanlikna med i fjor, då det var over 100.000 reisande på dei travlaste dagane.
Avinor ber dei reisande om å vere merksame på informasjon frå flyselskapet om bruk av munnbind.
(©NPK)

Publisert: 24.09.2020 14:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25