Onsdag var det klart for den første omvisinga for norsk presse om bord på Kjell Inge Røkkes superskip, Rev Ocean, hos Vard Søviknes.
Nett No var blant en rekke inviterte medier som fekk kome om bord i det snart ferdige fartøyet som er ein kombinert superyacht og forskingsskip.

– Det er veldig hyggelig å invitere til omvising – endeleg, sa Nina Jensen som er tilsett for å leie Rev Ocean-prosjektet.
Jensen fortalde om bakgrunnen for at Røkke har ønska å bygge skipet, som ho omtala som «Røkkes gåve til havet».
Målet med skipet er å auke kunnskapen om havet, gjere den forståeleg og tilgjengeleg - og ikkje minst gjere kunnskapen om til konkret handling, fortalde Jensen som tidlegare var generalsekretær i Verdas Naturfond.

Skal til Nederland for utrusting
Røkke har tinga skipet, som skal vere eigd av selskapet Rosellinis Four-10. Skroget kom til Vard Brattvåg i 2019, og skulle etter opphavleg plan vore levert frå Vard i 2020. Nett No var også om bord i skipet for temmeleg nøyaktig fem år sidan.
Etter fleire år med forseinkingar og ueinigheiter mellom Vard og Røkke, ligg det an til at skipet kjem i drift meir enn seks år etter den opphavlege tidsplanen - i starten av 2027.
Jensen erkjente at forseinkingane har «vore frustrerande for alle partar» - men at dei no har lagt stridane bak seg.

Etter at skipet er levert frå Vard neste veke, skal fartøyet til Damen-verftet i Nederland for å bli ferdig utrusta, fortalde operasjonssjef Øystein Mikelborg under omvisinga.
Rev Ocean låg allereie an til å bli verdas største yacht med sine 183 meter – og er no forlenga 12 meter – til kring 195 meter.

Vil bu på skipet delar av året
Ombygginga har mellom anna ført til at hangaren på skipet blir større og får fleire vitskapsfunksjonar. Sjølve forlenginga blei utført ved Fosen Yard, som er blant dei få verfta som har ein tørrdokk som er stor nok.
Skipet er designa av Vard i samarbeid med den Monaco-baserte cruisedesignaren Espen Øino.
Kjell Inge Røkke har tidlegare opplyst at han vil bu om bord i skipet delar av året.

Om bord er det blant anna fleire symjebasseng, til saman ni laboratorium, og ein fjernstyrt undervassfarkost som kan gå ned på svært store djup.
Om bord skal det vere plass til 60 forskarar som skal få bruke skipet gratis etter visse vilkår.
Rev Ocean skal være ei «nonprofit»-verksemd og Røkke har planar om å gi vekk store delar av formua. På same vis som mellom anna Bill Gates, er moldensaren med i Giving Pledge-organisasjonen, ei samling av verdas rikaste som vil gi vekk store deler av formuene sine.

Meir om Rev Ocean-prosjektet:
Publisert: 12.02.2025 10:29
Sist oppdatert: 12.02.2025 17:53