NPK: Nettverket Nynorskfylket er utvida til å gjelde heile Vestland og inviterer inn ei rekke nye aktørar, frå det offentlege, næringslivet, sivilsamfunnet og kulturlivet. Målet er å styrke nynorsken både i fylket og nasjonalt.
– Vestland er kjerneområdet for nynorsk. Difor er det naturleg at Vestland fylkeskommune tek initiativ til eit nettverk som fremjar eit levande og aktivt nynorsk skriftspråk, og eg er glad for at vi no har etablert dette. Oppmøtet og innspela på dette første møtet syner at det er stor interesse både blant offentlege aktørar, i næringslivet, sivilsamfunnet og kulturlivet, seier leiar for nettverket Alexander Fosse Andersen i ei pressemelding.
Fylkestinget vedtok i vår å utvide nettverket Nynorskfylket, som fanst i Sogn og Fjordane, til å gjelde heile Vestland under namnet Nynorskfylket Vestland. På det første møtet deltok mellom anna Lotteri- og stiftelsestilsynet, Universitetet i Bergen, Bergen internasjonale litteraturfestival og Sparebanken Sogn og Fjordane, saman med meir enn ti andre verksemder.

Publisert: 26.06.2020 08:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26