Vestnes-selskap over 100 millionar
Straumen Bil omsette for 104,9 millionar kroner i fjor, som er tangering av rekorden frå 2019.
Straumen Bil si verksemd strekker seg heilt tilbake til 1950-tallet, og selskapet er i dag ein sentral aktør i tungbilmarknaden i regionen. Selskapet held til i lokaler på Skorgenes industriområde i Vestnes kommune.
Straumen Bil er ein godkjent tungbilverkstad og påbyggarverkstad. Selskapet disponerer i dag eit moderne anlegg på cirka 7000 kvadratmeter fordelt på avdelingar for produksjon/montering av påbygg, skadereparasjonar, ettermarknad og bilberging.
Selskapet sysselsette i fjor 33 årsverk.
Eigenkapitalen er på 42,0 millionar kroner, og den langsiktige gjelda på 0,4 millionar.
Eigarar er Eva Terese og Trine Daugstad med 75 prosent, Kjell Tore Daugstad med 14 prosent og Gerd Nerhus Daugstad med 11 prosent. Dei fordeler eit utbyte på 6,0 millionar kroner.
Straumen Bil | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 104,9 | 97,6 | |
Driftsresultat | 3,9 | 5,2 | |
Resultat før skatt | 4,1 | 5,5 |
Publisert: 25.05.2023 07:00
Sist oppdatert: 24.05.2023 14:59