Kort fortalt

Vi brukte 50 milliardar før jul

Handla i snitt for 9.800 kroner.

30.12.2016
(NPK-NTB): Frå 1. til 24. desember la norske forbrukarar igjen 50 milliardar kroner i butikkane. Summen svarar til at kvar person brukte 9.800 kroner på julehandelen.
Statistisk sentralbyrå anslo at kvar og ein av oss i gjennomsnitt ville handle for 11.000 kroner i desember.
Den siste veka før julaftan handla nordmenn for nesten 50 prosent meir enn den siste veka før jul i fjor, skriv Aftenposten. I veke 51 (19.-25. desember) handla vi for over 16 milliardar kroner, viser ferske tal frå Virke.
– Det er ein god vekst tatt i betraktning at det var søndagsopent i veke 50, men butikkstengt 1. juledag, seier bransjedirektør for faghandel i Virke, Bror William Stende.

Publisert: 30.12.2016 08:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43