Kort fortalt

Vi går over 150 millionar turar

Nordmenn er ivrige i naturen.

13.08.2020
NPK: Ei ny gransking viser at nordmenn i snitt er ute i naturen i overkant av tre gonger i veka på denne tida av året.
I perioden juni til august blir dette til saman over 150 millionar turar ut i norsk natur, går det fram av granskinga gjennomført av Kantar TNS.
– At det i kvar av desse vekene vert gått over eit titals millionar turar i naturen, er heilt fantastisk, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding. Fellesorganisasjonen for 18 friluftslivsorganisasjonar har sjølv lagt saman tala, som er henta frå Natur- og miljøbarometeret.
I undersøkinga seier 35 prosent at dei er ute i naturen nesten kvar dag. 42 prosent av kvinnene oppgir at dei er ute i naturen tilnærma dagleg, berre 28 prosent av mennene svarer det same.
Det er dei frå 60 år og oppover som oftast tar seg ein dagleg tur ut.

Publisert: 13.08.2020 11:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25