Kort fortalt

Vi kan fiske 20 millionar tonn meir mat

Det meiner professor.

06.03.2018
NPK: Professor Dag L. Aksnes ved Universitetet i Bergen meiner vi kan fiske 20 millionar tonn meir mat frå havet dersom vi fiskar på lågare nivå i næringskjeda.
Professoren kom med bodskapen under opningsdagen på den nordatlantiske sjømatkonferansen NASF, som opna i Bergen tysdag, skriv
Aksnes viste til at det i dag er ein enorm biomasse av små marine organismar som kan nyttast til auka matuttak.
– I dag manglar vi fangstteknologi for å hente ut slike organismar, og det er ei uro knytt til manglande biologisk kunnskap og kva innverknad ei slik hausting vil ha på tradisjonelle fiskeri og på økosystem i havet, sa han ifølgje Intrafish.
Aksnes viste òg til at det er mykje mat å hente på å utnytte fiskeartar frå kommersielt fiske på ein betre måte. Han viste då til at ein bør ha mindre utkasting av fisk og i tillegg nytte meir av fisken som direkte mat for menneske.

Publisert: 06.03.2018 18:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39