Kort fortalt

Vi kjøper meir til hus og hage

Meir enn dobling.

28.05.2020
NPK-NTB: Nettsalet av produkt til hus, heim og hage har meir enn dobla seg i april og mai samanlikna med same periode i fjor.
Frå 1. april til 17. mai auka salet av slike produktet med 107 prosent frå same periode i 2019, viser betalingstenesta Klarnas tal frå norske nettbutikkar.
Også sal av turutstyr har auka.
– Nettsalet innanfor segmentet sport og fritid har vore jamt aukande sidan koronatiltaka vart innførte. Det er nok mange som i år legg seg i ein av dei svært populære hengekøyene eller slår opp telt med familien i skogen eller ved sjøen for første gong, seier Klarnas marknadsdirektør Thomas Elvestad.

Publisert: 28.05.2020 08:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26