Kort fortalt

Vi må ete nye fiskeslag

Trur at endra klima gir nye fiskeslag.

09.06.2020
NPK: Varmare klima og auka sjøtemperatur kan føra til at vi i framtida må bu oss på å eta andre fiskeslag enn i dag.
– Lysingen, som spreier seg veldig i den nordlege Nordsjøen, er ein klar klimavinnar. Det er ein varmekjær art, og det betyr at han trivst godt nordover i Nordsjøen no som temperaturen stig der, seier forskar Olav Sigurd Kjesbu i artikkel publisert på nettsidene til
Han meiner lysing eller svartkjeft eller kolkjeft som han også blir kalla, i framtida kan bli «den nye torsken».
Kjesbu har leidd eit arbeid der fiskeribiologar og klimaforskarar for første gong har sett nærmare på korleis klimaendringane vil påverka fiskeartane i norske havområde dei neste tretti åra.
Forskarane meiner klimaendringane vil gje både vinnarar og taparar. Lysing er saman med torsk og hyse dei artane som vil klara seg best. Også makrell, sild og kolmule vil greia seg bra, meiner Kjesbu.
Han ropar likevel eit varsku for torsken dersom klimaendringane held fram som i dag.
Aller mest bekymra er forskingsleiaren for polartorsken som er blant dei største taparane på grunn av klimaendringane. Det blir peikt på at polartorsken allereie er på vikande front i arktiske farvatn og får stadig meir innskrenka gyte- og leveområde.

Publisert: 09.06.2020 14:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26