Kort fortalt

Vi veks fort

8,8 milliardar menneske på jorda i 2100.

15.07.2020
NPK-NTB-AFP: I 2100 kjem det til å bu 8,8 milliardar menneske på jorda,, viser ein stor studie publisert onsdag. Det er to milliardar færre enn anslag frå FN.
Ved slutten av hundreåret kjem 183 av 195 land til å falle under nivået som er kravd for å halde oppe befolkningsnivået, når tilstrøyminga av immigrantar ikkje er rekna med, skriv ei internasjonal gruppe forskarar i .
Studien teiknar eit bilete av eit globalt maktskifte på grunn av sviktande fruktbarheit og ei aldrande befolkning.
Meir enn 20 land, inkludert Japan, Spania, Italia, Thailand, Portugal, Sør-Korea og Polen, kjem til å få halvert talet på innbyggjarar.
Det kinesiske folketalet er anslått å falle frå 1,4 milliardar i dag til 730 millionar om 80 år.
Afrikanske land sør for Sahara kjem samtidig til å få tredobla talet på innbyggjarar til om lag tre milliardar menneske, anslår studien. Nigeria åleine blir spådd ein auke på nærare 800 millionar fram mot 2100. Berre India er forventa å auke innbyggjartalet meir, med 1,1 milliardar.
– Desse anslaga er godt nytt for miljøet, med mindre press på matproduksjonen og lågare karbonutslepp. I tillegg utgjer dei ei betydeleg økonomisk moglegheit for utvalde land sør for Sahara, seier hovudforfattaren bak studien Christopher Murray ved University of Washington.

Publisert: 15.07.2020 08:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:26