Kort fortalt

Vigra kringkastar blir ikkje freda vidare

Riksantikvaren har bestemt seg.

23.02.2026

(NPK): Riksantikvaren har avslutta saka om freding av Vigra kringkastar og har bestemt at anlegget ikkje blir freda vidare. Den mellombelse fredinga frå 2018 blir dermed oppheva.

Vedtaket viser til stor usikkerheit rundt eigarskap og framtidig bruk, noko som blir vurdert som for høg risiko for at anlegget kan stå utan funksjon og forfalle , skriv Møre og Romsdal fylkeskommune.

Sjølv om kringkastaren har høg kulturhistorisk verdi og er viktig for tele-, kyst- og krigshistorie, meiner Riksantikvaren at uvissa rundt eigarforhold og vidare drift gjer ei freding uhaldbar. Telenor ønskjer ikkje å ta ansvar som eigar, og både festeforhold og bruksplanar er uavklarte. Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennom fleire år gjort omfattande vurderingar og utgreiingar av anlegget.

– Det er synd at Vigra kringkastar ikkje vert freda for ettertida. Anlegget er ein viktig del av tele- og kringkastingshistoria, og mange – ikkje minst kystfolket – har eit sterkt forhold til kringkastaren, seier Hilde Arna Tokle Yri i kulturavdelinga. Ho understrekar at kringkastaren har spelt ei nøkkelrolle i å gjere Noreg til ein moderne fiskeri- og kystnasjon.

Tokle Yri peikar også på engasjementet frå venneforeininga og grunneigarar for å ta vare på anlegget. Ho oppmodar Telenor til å bidra til alternative løysingar for å ivareta historia utanom ei formell freding. Fylkeskommunen har lagt vekt på fleksible rammer for ny bruk, mellom anna ved ikkje å inkludere interiør i fredingsforslaget.

(©NPK)

Publisert: 23.02.2026 16:23

Sist oppdatert: 23.02.2026 16:23

Mer om