Kort fortalt

Vil bygge hydrogenanlegg ved Sjøholt

Norwegian Hydrogen avslører byggestad.

20.04.2022

Ålesund-selskapet Norwegian Hydrogen vil bygge hydrogenfabrikk på Sjøholt, ifølgje NRK Møre og Romsdal. Ifølgje kanalen dreiar første fase seg om ei investering på kring 400 millionar.

Administerande direktør Jens Berge fortel at planane er blitt godt motteke og at potensielle kundar har meldt si interesse. Han påpeiker at hydrogen er ein viktig brikke som energikjelde, der elektrifisering eller batteri ikkje er aktuelle løysingar.

– Alle profesjonelle aktørar på veg, sjø og industri veit at hydrogen er løysinga. Vi er blitt godt mottekne og har fått mange intensjonserklæringar til å underbygge søknaden, fortel han til kanalen.

NETT NO omtala nyleg planane klare for eit stort nytt anlegg ein plass på Sunnmøre. Anlegget ved Sjøholt er eit resultat av eit Enova-støtta forprosjekt der Norwegian Hydrogen saman med Eviny (tidligere BKK), Tafjord Kraftproduksjon og Rauma Energi har samarbeida. Prosjektet har sett på ei rekke alternativ til plassering av ein hydrogen-hub for Vestlandet og Møre og Romsdal.

- Dette blir spesielt viktig for å få lett tilgang til hydrogen for den maritime næringa, sa Berge til NETT NO under Nor-Shipping-messa.

Publisert: 20.04.2022 10:25

Sist oppdatert: 20.04.2022 10:26

Mer om