Neste store satsinga kjem på Sunnmøre
Norwegian Hydrogen startar snart å bygge på Hellesylt - og har planane klare for stort nytt anlegg.
- Det nye anlegget kjem på Sunnmøre, med god tilgang til elektrisk kraft og nær den maritime klynga. Tomta har vi alt sikra oss, seier dagleg leiar Jens Berge i Ålesund-baserte Norwegian Hydrogen.
Det siste prosjektet er eit resultat av eit Enova-støtta forprosjekt der Norwegian Hydrogen saman med Eviny (tidligere BKK), Tafjord Kraftproduksjon og Rauma Energi har samarbeida. Prosjektet har sett på ei rekke alternativ til plassering av ein hydrogen-hub for Vestlandet og Møre og Romsdal.
- Dette blir spesielt viktig for å få lett tilgang til hydrogen for den maritime næringa, seier Berge.
Hellesylt-satsinga går også framover. Her er planen at produksjonsanlegget skal stå klart i løpet av neste år.
- Dette er meir eit lokalt prosjekt med fokus på å levere grønt hydrogen til kundar i og rundt Geirangerfjorden, seier Berge.
Han opplyser at både varmen og oksygenet frå produksjonen skal brukast.
- Det nye Flakk-hotellet ‘Basecamp Hellesylt’ skal ha varmen, og lokale oppdrettarar skal ha oksygenet.
- Her vert det også fyllestasjon for både bilar og båtar.
Det nye Flakk-hotellet ‘Basecamp Hellesylt’ skal ha varmen, og lokale oppdrettarar skal ha oksygenet
Satsar også i nord
Norwegian Hydrogen er også i samtalar med Troms og Finnmark fylkeskommune om utbygging av infrastruktur for båt- og vegtransport i regionen.
- I tillegg er det på gang ei satsing saman med Narvik Hydrogen å byggje ut produksjons- og distribusjonsanlegg, som også kan levere til dei store industriprosjekta i Nord Sverige, seier Berge.
Mange med spørsmål
Selskapet deltok på Nor-Shipping2022 på Lillestrøm. Marknadssjef Marielle Furnes Mannseth seier at det var vellukka.
- Vi har vore godt synlege, og vi har knytt mange nye kontakter.
Ho fortel om fiskebåtreiarar og andre aktørar som har hatt mange spørsmål rundt både produksjon, distribusjon og lagring.
- Vi er nok den einaste produsenten av hydrogen på messa, men her er mange aktørar i resten av verdikjeda.
- Vi har også knytta fleire internasjonale kontakter. Interessa er stor.
- Ikkje einaste løysinga
Ho seier at det er stort fokus på hydrogen på messa, spesielt på grønt hydrogen, der hydrogenet vert produsert ved hjelp av fornybar energi.
- Vi seier ikkje at hydrogen er den einaste løysinga. Vi seier at hydrogen, saman med andre grøne løysingar, er viktig for å få ned utsleppa og nå klimamåla.
- Der det ikkje er mogleg å elektrifisere direkte eller å bruke batteri, vil grønt hydrogen være ei veldig god løysing med null utslepp.
Publisert: 11.04.2022 05:00
Sist oppdatert: 11.04.2022 00:26