NPK: Koronaepidemien har gjort at flyselskapa har fått mange refusjonskrav. Fleire flyselskap klarer derimot ikkje å innfri krava innan tida. No vil Forbrukarrådet at dei skal bøtleggjast.
På sine nettsider skriv Forbrukarrådet at dei ser med bekymring på flyselskapa som over lang tid har latt vere å respektere grunnleggande forbrukarrettar.
– Flyselskapa må no bli gitt ei klar frist for å effektuere refusjonskrava. Dersom den ikkje blir overheldt, må det bli gitt bøter slik loven opnar opp for, seier Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet.
Forbrukarrådet har fått svært mange førespurnader frå forbrukarar som sit igjen med uteståande beløp hos flyselskapa.
Dei meiner bøter vil sende klare signal til selskapa som ikkje etterlever reglane.
– Den situasjonen vi no er i er øydeleggjande for tilliten til både bransjen og handhevinga av forbrukarrettar. Det blir gitt inntrykk av at forbrukarar og forbrukarrettar er mindre viktige i ein krisesituasjon, seier Blyverket.

Publisert: 14.08.2020 17:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25