(NPK-NTB): Hurtigruten seier dei vil finne løysingar etter at næringsminister Iselin Nybø (V) måndag bad dei endre det ho beskriv som ein lovstridig praksis.
Det opplyser Anne Marit Bjørnflaten, direktør for styresmaktskontakt i reiarlaget til
Saka gjeld hurtigruteskipet Fridtjof Nansen som den siste tida har vorte brukt som hotellskip for «Mission: Impossible»-innspelinga. Kjernen til striden er om bruken av skipet som hotell er i strid med lova eller ikkje.
– Vi har sagt til Hurtigruten at forståinga vår av lova er at dette kan dei ikkje gjere i dag. Men vi har òg gitt klar beskjed om at vi gjer ei forskriftsendring for å presisere det i lova framover, sa næringsminister Iselin Nybø (V) til NTB etter eit møte med Hurtigruten måndag.
Hurtigruten har heile tida hevda at dei er innanfor regelverket. Det gjer dei framleis, men seier at dei no ønskjer å finne løysingar.
– Når statsråd Iselin Nybøs uttaler seg så tydeleg, ønskjer vi å vere konstruktive og finne løysingar. Derfor ventar vi ikkje til forskrifta er på plass, men jobbar no med alternativ for å løyse situasjonen. Dette er vi òg i dialog med departementet, våre tillitsvalde og oppdragsgivar om, seier Bjørnflaten.
(©NPK)

Les også:
(©NPK)
Publisert: 09.09.2020 18:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25