Kort fortalt

Vil framleis ha Bergen-Ålesund-rute

Ventar statleg draghjelp.

Marius Rosbach
14.11.2022
Nullutslepp er ein føresetnad og fylkespolitikarane ventar statleg draghjelp for etablering av ei hurtigbåtrute Bergen-Ålesund.Det kjem fram i vedtaket frå samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fredag.

Utvalet trossa innstillinga frå fylkeskommunedirektøren, som meinte trafikkgrunnlaget var for svakt -og råda politikarane til å stoppe arbeidet.

– Møre og Romsdal legg til grunn at etablering av eit fylkeskryssande båttilbod mellom Bergen og Ålesund må ha statleg medverknad, slik til dømes tog og Kystruta har, heiter det i vedtaket.

Det blir også påpeika at nullutslepp er ein føresetnad. Politikarane ber også om at fylkestinget får ei rapportering om saka i juni neste år.

Publisert: 14.11.2022 14:53

Sist oppdatert: 14.11.2022 14:55

Mer om